Hjem
Utdanning
erasmus+

Technische Universität Berlin og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBerlin
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Studentar som går på bachelor- eller masterprogram i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av studiet.

Masterstuidentar i tysk: Det passar best å reise ut i 2. semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med rettleiaren for ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Berlin (TU Berlin) blei grunnlagt i 1770 som Berg- und hüttenmännisches Lehrinstitut. TU Berlin har om lag 30 000 studentar, og den høgaste andelen internasjonale studentar blant tyske lærestader. Universitetet sin hovudcampus ligg i bydelen Charlottenburg-Wilmersdorf.

Berlin har rundt 3,5 millionar innbyggarar og ligg nordaust i Tyskland, inneslutta av delstaten Brandenburg. Tysklands hovudstad er kjend som ein by for fritenkarar og kunstnarar, med rundt 420 kunstgalleri i tillegg til tallause teater, festivalar og andre kulturscener.

Bustad

Universitetet har eit avgrensa tal studentbustader til disposisjon for internasjonale studentar, men garanterer ikkje at alle får tilbod. Dei fleste studentbustadene i Berlin er drivne av samskipnaden Studentenwerk. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon