Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Bielefeld og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBielefeld
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Nokre semester finst det og eit fåtal emne med undervisning på engelsk, men ikkje slik at vi kan garantere at utvalet av engelske emne vil vere stort nok til å fylle eit heilt semester berre med emne underviste på engelsk. Du må altså kunne tysk for å studere ved Universität Bielefeld.

Universitetet har tilbod om språkkurs for utvekslingsstudentar. Språkkursa finn du meir informasjon om her.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Lenke til kurskatalogen finn du på denne nettsida.

Universitetet nyttar Leistungspunkte (LP), og 30 Leistungspunkte (LP) er full semesterbelastning for eitt semester.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bielefeld blei grunnlagt i 1969 som eit sjølverklært reformuniversitet, med fokus på tverrfagleg og forskingsbasert undervisning. Den fysiske arkitekturen for universitetet støttar opp ideologien om samhandling på tvers av fagområda. Alle dei tretten fakulteta er samla under same tak, i eitt stort bygningskompleks som ligg litt vest for byen, ved Teutoburgerskogen.

Bielefeld har rundt 340 000 innbyggarar og ligg i Nordrhein-Westfalen mellom to åsryggar. Bielefeld var blant dei minste hansabyane, kjend som «Linbyen» grunna handel med stoffet lin. Han er òg kjend i Tyskland og USA for internettfenomenet Bielefeld-konspirasjonen, som er ein godlynt krangel om kor vidt byen eksisterer.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper nye utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst studentbustader både i nærleiken av campus og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av samskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Studentrapportar

2015

2014/15 - BA i tysk

2014/15 - BA i tysk

01.09.2014 - 15.07.2015

Vurdering av emnetilbodet

Sidan eg tok frie studiepoeng, kunne eg i prinsippet velje heilt fritt kva for nokre emne eg ville ta, så lenge det ikkje overlappa med noko eg allereie hadde hatt ved UiB. Dette gjorde det sjølvsagt mykje enklare for meg å finne interessante og spanande emne. Med det i bakhovudet vil eg seie at emnetilbodet var innholdsrikt, men det er vanskeleg å seie om eg ville hatt same vurdering dersom eg berre kunne velje emne innanfor eit bestemt fagområde. Eg synest dog at det var veldig mange og varierte emne å velje mellom, og dersom det er nettopp frie studiepoeng ein skal ta, så er det jo ein fordel at universitetet har så mange fakultet og studieretningar som det har.

Universitetsområdet og byen

Personleg likar eg både universitetet, området og byen svært godt. Bielefeld er relativt stort sett med norske auge, men det verkar ikkje som ein stor by. Det bør nemnast at det ikkje er særleg med fjell eller vatn der, noko som kan få ein naturbortskjemt Bergen-student til å lengte litt etter eit ordentleg landskap, men noko problem er det ikkje. Byen opplevast som trygg og roleg, og eg har gått heim frå sentrum midt på natta fleire gongar utan å kjenne eller støyte på ubehag. Det verkar som dei aller fleste er negative til universitetsbygningen, som estetisk ikkje er særleg fin, men så fort ein blir kjent med den, så ser ein verdien av den. Den er veldig oversiktleg og alle fakulteta er samla på ein stad. Dette er spesielt praktisk når ein tek frie studiepoeng og eigentleg byttar fakultet fleire gongar om dagen, for det merkast ikkje det heile når det berre tek eit par minutt å kome seg til neste undervisningsrom.

Bustad

Det blir reservert ca. 70 plassar på studenthyblane for Erasmus-studentar. Dersom ein ikkje får plass på ein av desse, noko som skjedde i mitt tilfelle, får ein hjelp av International Office til å finne ein bustad. Eg fekk til dømes ein e-post frå IO med eit par bilete og kontaktinformasjonen til ein aktuell utleigar, og så sendte eg ein e-post der eg fortalte kven eg var. Dersom det oppstår problem, så er IO flinke til å hjelpe til, så ein må ikkje nøle med å ta kontakt med dei. Personleg synest eg det var ein stor fordel å ikkje bu saman med dei andre internajonale studentane. Ein blir lett fanga i "den internasjonale bobla", der det ofte blir snakka meir engelsk enn tysk, alt etter språknivå.

Informasjon