Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Bielefeld og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBielefeld
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ynskjer å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søkje på avtalen.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioritert om det er fleire søkjarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.  

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bielefeld blei grunnlagt i 1969 som eit sjølverklært reformuniversitet, med fokus på tverrfagleg og forskingsbasert undervisning. Den fysiske arkitekturen for universitetet støttar opp ideologien om samhandling på tvers av fagområda. Alle dei tretten fakulteta er samla under same tak, i eitt stort bygningskompleks som ligg litt vest for byen, ved Teutoburgerskogen.

Bielefeld har rundt 340 000 innbyggarar og ligg i Nordrhein-Westfalen mellom to åsryggar. Bielefeld var blant dei minste hansabyane, kjend som «Linbyen» grunna handel med stoffet lin. Han er òg kjend i Tyskland og USA for internettfenomenet Bielefeld-konspirasjonen, som er ein godlynt krangel om kor vidt byen eksisterer.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper nye utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst studentbustader både i nærleiken av campus og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av samskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Studentrapportar

2015

2014/15 - BA i tysk

2014/15 - BA i tysk

01.09.2014 - 15.07.2015

Vurdering av emnetilbodet

Sidan eg tok frie studiepoeng, kunne eg i prinsippet velje heilt fritt kva for nokre emne eg ville ta, så lenge det ikkje overlappa med noko eg allereie hadde hatt ved UiB. Dette gjorde det sjølvsagt mykje enklare for meg å finne interessante og spanande emne. Med det i bakhovudet vil eg seie at emnetilbodet var innholdsrikt, men det er vanskeleg å seie om eg ville hatt same vurdering dersom eg berre kunne velje emne innanfor eit bestemt fagområde. Eg synest dog at det var veldig mange og varierte emne å velje mellom, og dersom det er nettopp frie studiepoeng ein skal ta, så er det jo ein fordel at universitetet har så mange fakultet og studieretningar som det har.

Universitetsområdet og byen

Personleg likar eg både universitetet, området og byen svært godt. Bielefeld er relativt stort sett med norske auge, men det verkar ikkje som ein stor by. Det bør nemnast at det ikkje er særleg med fjell eller vatn der, noko som kan få ein naturbortskjemt Bergen-student til å lengte litt etter eit ordentleg landskap, men noko problem er det ikkje. Byen opplevast som trygg og roleg, og eg har gått heim frå sentrum midt på natta fleire gongar utan å kjenne eller støyte på ubehag. Det verkar som dei aller fleste er negative til universitetsbygningen, som estetisk ikkje er særleg fin, men så fort ein blir kjent med den, så ser ein verdien av den. Den er veldig oversiktleg og alle fakulteta er samla på ein stad. Dette er spesielt praktisk når ein tek frie studiepoeng og eigentleg byttar fakultet fleire gongar om dagen, for det merkast ikkje det heile når det berre tek eit par minutt å kome seg til neste undervisningsrom.

Bustad

Det blir reservert ca. 70 plassar på studenthyblane for Erasmus-studentar. Dersom ein ikkje får plass på ein av desse, noko som skjedde i mitt tilfelle, får ein hjelp av International Office til å finne ein bustad. Eg fekk til dømes ein e-post frå IO med eit par bilete og kontaktinformasjonen til ein aktuell utleigar, og så sendte eg ein e-post der eg fortalte kven eg var. Dersom det oppstår problem, så er IO flinke til å hjelpe til, så ein må ikkje nøle med å ta kontakt med dei. Personleg synest eg det var ein stor fordel å ikkje bu saman med dei andre internajonale studentane. Ein blir lett fanga i "den internasjonale bobla", der det ofte blir snakka meir engelsk enn tysk, alt etter språknivå.

Informasjon