Hjem
Utdanning
erasmus+

Ruhr-Universität Bochum og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBochum
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og engelsk. Hovudspråket er tysk, men universitetet har i tillegg ei rekkje kurs som blir underviste på engelsk både i haustsemesteret og vårsemesteret. Det finst nok kurs til å fylle eit semester kun med emne som blir underviste på engelsk, men ikkje slik at ein har mange kurs å velje mellom.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Du kan velje blant emna som inngår i den tyske juridiske graden, i tillegg til ei rekkje emne som vert underviste på engelsk.

Oversikt over dei tyskspråklege emna finn du på denne nettsida. Dei engelskspråklege emna finn du oversikt over på denne og denne nettsida.

Den siste veka før semesterstart om hausten tilbyr universitetetet eit introduksjonskurs til tysk rett og tysk juridisk språk "Einführung in das deutsche Recht und Rechtsstudium für ausländische Studierende".

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ruhr-Universität Bochum er eit breiddeuniversitet med forsking og studietilbod innan alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Det har i alt 20 fakultet og om lag 35 000 studentar. Universitetet har ein stor botanisk hage, ein kinesisk hage og vaktar filosofen Hegel sitt skriftarkiv.

Bochum har om lag 370 000 innbyggarar, og er eit viktig kulturelt sentrum for Ruhr-regionen. Her finst mange ulike museum og festivalar gjennom året. Blant anna den tradisjonsrike Maiabendfest på våren, fleire musikkfestivalar, oktobermarknad og julemarknad.

Bustad

Det finst fleire studentbustader både på campus og i byen. Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden for å tilby bustad for internasjonale studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon