Hjem
Utdanning
erasmus+

Ruhr-Universität Bochum og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBochum
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språkemne medan dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE vil bli prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådd å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for studieprogrammet du går på. Vanlegvis passar det best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språklege emne.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ruhr-Universität Bochum er eit breiddeuniversitet med forsking og studietilbod innan alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Det har i alt 20 fakultet og om lag 35 000 studentar. Universitetet har ein stor botanisk hage, ein kinesisk hage og vaktar filosofen Hegel sitt skriftarkiv.

Bochum har om lag 370 000 innbyggarar, og er eit viktig kulturelt sentrum for Ruhr-regionen. Her finst mange ulike museum og festivalar gjennom året. Blant anna den tradisjonsrike Maiabendfest på våren, fleire musikkfestivalar, oktobermarknad og julemarknad.

Bustad

Det finst fleire studentbustader både på campus og i byen. Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden for å tilby bustad for internasjonale studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøntområde
Foto/ill.:
© Ruhr-Universität Bochum

Informasjon