Hjem
Utdanning
erasmus+

Ruhr-Universität Bochum og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBochum
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelorstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det passar best å reise på utveksling i 4.,5. eller 6. semester av bachelorprogrammet.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Det er berre mogeleg å reise ut for eitt semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det finst tilbod om fleire emne med engelsk som undervisningsspråk, men det er likevel ein fordel å kunne noko tysk når ein bur i Tyskland.

Her finn du informasjon om universitetet sitt tilbod om språkkurs for internasjonale studentar: http://www.ruhr-uni-bochum.de/zfa/sprachen/de/begleitend.html.en

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

På denne nettsida finn du ei oversikt over universitetet sin ordinære emnekatalog: http://www.uv.ruhr-uni-bochum.de/pvz-planung/vvz.htm

Den internasjonale emnekatalogen finn du her: http://international.rub.de/rubiss/angebote/vvz.html.en

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ruhr-Universität Bochum er eit breiddeuniversitet med forsking og studietilbod innan alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Det har i alt 20 fakultet og om lag 35 000 studentar. Universitetet har ein stor botanisk hage, ein kinesisk hage og vaktar filosofen Hegel sitt skriftarkiv.

Bochum har om lag 370 000 innbyggarar, og er eit viktig kulturelt sentrum for Ruhr-regionen. Her finst mange ulike museum og festivalar gjennom året. Blant anna den tradisjonsrike Maiabendfest på våren, fleire musikkfestivalar, oktobermarknad og julemarknad.

Bustad

Det finst fleire studentbustader både på campus og i byen. Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden for å tilby bustad for internasjonale studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøntområde
Foto:
© Ruhr-Universität Bochum

Informasjon