Hjem
Utdanning
erasmus+

Rheinische Friedrich-Wilhelms-Universität Bonn og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBonn
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling på fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådeleg å velje emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren din. Det passar vanlegvis best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språklege emne.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du velje emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Rheinische Friedrich Wilhelms Universität Bonn blei grunnlagt i 1818, og var eitt av dei første universiteta til å følgje opp Wilhelm Humboldt sitt pedagogiske program for forskingsbasert læring. Universitetet har tre campusar i og rundt sentrumskjernen, samt ein stor botanisk hage.

Bonn har om lag 315 000 innbyggarar og ligg i delstaten Nordrhein-Westfalen, sirka 20 kilometer sør for Köln, ved elva Rhinen. Han var hovudstad i Vest-Tyskland inntil samanslåinga i 1990, og er stadig eit viktig senter for politikk og administrasjon i Tyskland. Bonn er òg kjend som ein viktig samlingsstad for internasjonale prosessar knytt til klimapolitikk.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Dei fleste studentbustadane i Bonn er administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Grunna stor pågang blir internasjonale studentar oppmoda til å begynne leitinga etter bustad tidleg.

Semesterinndeling

September - februar og mars - juli.

Oversikt over campus
Foto/ill.:
© Universität Bonn

Informasjon