Hjem
Utdanning
erasmus+

Rheinische Friedrich-Wilhelms-Universität Bonn og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBonn
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelor-, master- og PhD-nivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Mesteparten av undervisninga ved universitetet skjer på tysk, spesielt på bachelornivå. Det er mogeleg å halde presentasjonar og skrive innleveringar på engelsk, men sjølve undervisninga skjer på tysk. Det finst òg nokre emne på engelsk, men dei fleste av desse er på masternivå.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Geografisk institutt er eitt av tre institutt under Department of Earth Sciences ved fakultet for naturvitskap. Instituttet er fordelt på tre bygningar og har mellom anna eit av dei største avdelingsbiblioteka i Tyskland og fire laboratorium, blant anna for analyse av jordsmonn, dendroøkologi og eit E-laboratorium for videoanalyse innanfor sosialgeografi.

Instituttet har eit stort geografimiljø med rundt 1000 studentar. Det blir tatt opp 300 nye bachelorstudentar og 80 nye masterstudentar kvart år. Bachelorprogrammet er blanda for samfunn- og naturgeografi, med val av spesialisering siste året. Masterprogrammet har ulike spesialiseringar: Development Geography, Physical Geography, Spatial Socioeconomic og Nature Conservation and Landscape Ecology. I tillegg finst ein fellesgrad med UN University: Master of Science in Geography of Environmental Risks and Human Security.

Store satsingsområde er WATER (water mangement), RISK (climate change) og GEOMATICS (GIS).

Dei åtte forskargrupper viser noko av det faglege omfanget:

  • Development geography
  • Climatology and Landscape Ecology
  • Hydrological and Water Resource Managment
  • Geomorphology
  • Urban and Regional Geography
  • Spacial Socioecomomics (Wirtschafts- und Sozialgeographie)
  • Historical Geography
  • Remote sensing and GIS

Undervisningstilbodet varierer frå semester til semester, og oversikta er sjeldan klar når studentane våre skal søke om førehandsgodkjenning. Det er mogeleg å ta eit kurs om Tyskland, som tilsvarar vårt SAS-kurs i geografi.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen, i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Rheinische Friedrich Wilhelms Universität Bonn blei grunnlagt i 1818, og var eitt av dei første universiteta til å følgje opp Wilhelm Humboldt sitt pedagogiske program for forskingsbasert læring. Universitetet har tre campusar i og rundt sentrumskjernen, samt ein stor botanisk hage.

Bonn har om lag 315 000 innbyggarar og ligg i delstaten Nordrhein-Westfalen, sirka 20 kilometer sør for Köln, ved elva Rhinen. Han var hovudstad i Vest-Tyskland inntil samanslåinga i 1990, og er stadig eit viktig senter for politikk og administrasjon i Tyskland. Bonn er òg kjend som ein viktig samlingsstad for internasjonale prosessar knytt til klimapolitikk.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Dei fleste studentbustadane i Bonn er administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Grunna stor pågang blir internasjonale studentar oppmoda til å begynne leitinga etter bustad tidleg.

Semesterinndeling

September - februar og mars - juli.

Oversikt over campus
Foto/ill.:
© Universität Bonn

Informasjon