Hjem
Studentsider
erasmus+

Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByErlangen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, kultur og litteratur. Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i tysk: Det passar best å reise ut i det andre semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg (FAU) har om lag 38 000 studentar, og eit breitt fagtilbod. I tillegg til vanlege avdelingar og institutt har universitetet 25 tverrfaglege senter som skal syte for samarbeid og innovasjon. I tillegg til fleire campusar, i byane Erlangen og Nürnberg, har universitetet òg ein fjerncampus for kjemi og bioingeniørfag i Sør-Korea.

Nürnberg og Erlangen er nabobyar i regionen Bavaria, som ligg søraust i Tyskland. Nürnberg har rundt 500 000 innbyggarar, og er eit viktig administrativt og kulturelt sentrum i regionen. Erlangen er ein mindre by, med knappe 100 000 innbyggarar. Han er langt på veg dominert av aktivitetar knytt til universitetet og til selskapet Siemens AG.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i begge byane.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Friedrich-Alexander-Universität Erlangen-Nürnberg

Informasjon