Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Hildesheim og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHildesheim
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogrammet i teatervitskap og andre studentar som ønsker å ta emne i teatervitskap når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogrammet i teatervitskap blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i teatervitskap: Det passar best å reise på utveksling i løpet av fjerde, femte eller sjette semester av bachelorgraden. Ein rår til at studentane tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk eller engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering i teatervitskap, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i teatervitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Hildesheim blei grunnlagt som eit pedagogisk universitet i 1946, og har hatt ulike namn og eigarskap opp gjennom åra. I dag er det eigd av ein stiftelse, og har rundt 6500 studentar fordelte på dei fire fakulteta. Det største fagtilbodet er innan humaniora, språkfag og pedagogikk, men det finst òg eit fakultet for naturvitskap og økonomiske fag. Dei fleste utdanningane er praktisk retta.

Hildesheim ligg sentralt i Tyskland, ved elva Innerste i Niedersachsen. Byen har om lag 105 000 innbyggarar, og er Tysklands eldste. Grunna hard medfart i 1945, er det meste av arkitekturen her i dag enten meir moderne eller bygd som rekonstruksjonar i nyare tid.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper internasjonale studentar å finne bustad. Det finst både offentlege og private studentbustader i Hildesheim, som vanlegvis delast med to til fem andre studentar.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Bygg på campus
Foto/ill.:
© Uni Hildesheim/Chris Gossmann

Informasjon