Hjem
Utdanning
erasmus+

Universiteit Antwerpen og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByAntwerpen
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma teatervitskap og andre studentar som ønsker å ta emne i teatervitskap medan dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i teatervitskap blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i teatervitskap: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådd å velje emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i teatervitskap: Best eigna for utveksling er andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisingsspråka ved universitetet er nederlandsk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering i teatervitskap, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande med emne i teatervitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Antwerpen blei til ved ein fusjon mellom tre tidlegare uavhengige universitet i 2003. Det er eit av Belgias største, med ni campusar og rundt 20 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, og satsar på forsking blant anna innanfor felta nanoteknologi og materiallære, økologi og berekraft, epidemiologi og sosioøkonomisk politikk og administrasjon. Universitetet sine bygningar ligg spreidd rundt i byen.

Antwerpen har 512 000 innbyggarar Belgias nest største by. Han ligg ved utløpet av elva Scheldt mot Nordsjøen, ikkje så langt frå grensa til Nederland. Bynamnet tyder «kaste hand». Legenda seier at det rådde ei kjempe her, som kravde skatt av alle forbipasserande og kutta handa av dei som nekta å betale. Kjempa fekk si bane då ein ung helt gjorde hemn med same mynt. Antwerpen er historisk sett ein svært viktig hamneby, og er elles kjend for diamanthandel og kunst. Meir enn 85 prosent av verdas rå diamantar kjem innom Antwerpen på si ferd mot verdsmarknaden.

Bustad

Universitetet har somme eigne studentbustader, og samarbeider med private eigde studentheimar om å tilby bustad til sine internasjonale studentar. Søknad om bustad kan sendast via internett innan ein gitt frist kvart semester. Universitetet kan òg gi råd til dei som ønsker å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Universiteit Antwerpen

Informasjon