Hjem
Utdanning
erasmus+

Université libre de Bruxelles og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByBruxelles
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

BA/MA

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar som går på eit bachelor- eller masterprogram ved LLE vil bli prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

BA

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar. 

MA

Avtalen gjeld for studentar på masterprogrammet i litteraturvitskap.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på masterprogrammet i litteraturvitskap ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for studieprogrammet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Universitetet tilbyr språkkurs for utvekslingsstudentar. Det er tilbod om språkkurs før semesterstart og gjennom semesteret.

Informasjon om språkkurs

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université libre de Bruxelles blei grunnlagt i 1834, berre nokre få år etter at dagens Belgia braut med det nederlandske kongedømet og forma sin eigen stat. Universitetet er eit av dei mest anerkjende franskspråklege universiteta i verda. Over ein fjerdedel av dei 25 000 studentane er internasjonale. Universitetet sin hovudcampus Solbosch ligg på grensa mot bydelen Ixelles. Dei to andre større campusane ligg i Aderlecht og i ytre Ixelles.

Brussel er hovudstad i Belgia og eit viktig administrativt sentrum for Den europeiske unionen. Byen har om lag 1,1 millionar innbyggarar, og om lag ein tredjedel av desse kjem frå andre land. Forutan det politiske livet, er byen kjend for god sjokolade, øl og vaflar. Brussel lufthamn har verdas høgaste omsettingstal for sjokolade. Samanlikna med andre storbyar i Europa er levekostnadane her låge.

Bustad

Universitetet sitt bustadkontor formidlar både eigne studentbustader og private leigemål for internasjonale studentar, så langt kapasiteten rekk. Det finst òg fleire private studentbustader i nærleiken av campus. Det kan vere stort press på bustadmarknaden i Brussel rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Foto:
© Université libre de Bruxelles

Informasjon