Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Liège og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLiège
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogramma i framandspråk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor framandspråklege disiplinar når dei er på utveksling. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelor- og masterprogramma i framandspråk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i framandspråk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrmmet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Liège har 20 000 studentar fordelte på i alt tolv fakultet og skular. Universitetet har to større og fire mindre campusar. Den eldste campusen ligg i sentrum av Liège, i det gamle latinske kvarteret ved elva Meuse. Den andre store campusen er Sart Tilman, som ligg ti kilometer sør for byen. Universitetet sine utdanningar innan landbruk og bioingeniørfag ligg i Gembloux. Det har òg avdelingar i Arlon og Mont-Rigi, og eit forskingssenter for oseanografi på Korsika.

Liège er Belgias fjerde største by, med rundt 200 000 innbyggarar. Han ligg i den fransktalande delen av Belgia, ein halvtimes køyretur frå Nederland. Liège var eit viktig senter for akademiske syslar alt i middelalderen, og har av denne grunnen fått kallenamnet Det nye Athen.

Bustad

Universitetet har kun eit fåtal eigne studentbustader, men dei har til gjengjeld eit studenthotell der det er mogleg å leige rom for kortare periodar. Det er mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Liège om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

Oversikt over campus
Photo:
045© TILT ULG DR Aeriennes

Informasjon