Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Liège og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLiège
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar tilknytt Institutt for biologi.

Når i studiet kan eg reise

Du bør reise når du har valfrie emne i studieløpet ditt.

Språk

De fleste emne undervisast i på fransk og ein må kunne dokumentere språkkunnskapar på eit nivå fastsett av Université de Liège.

Kva emne kan eg ta

Valgemne innanfor fagfeltet avtalen gjeld for. Dersom du vil ta obligatoriske emne må desse godkjennast av programkoordinator.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Liège har 20 000 studentar fordelte på i alt tolv fakultet og skular. Universitetet har to større og fire mindre campusar. Den eldste campusen ligg i sentrum av Liège, i det gamle latinske kvarteret ved elva Meuse. Den andre store campusen er Sart Tilman, som ligg ti kilometer sør for byen. Universitetet sine utdanningar innan landbruk og bioingeniørfag ligg i Gembloux. Det har òg avdelingar i Arlon og Mont-Rigi, og eit forskingssenter for oseanografi på Korsika.

Liège er Belgias fjerde største by, med rundt 200 000 innbyggarar. Han ligg i den fransktalande delen av Belgia, ein halvtimes køyretur frå Nederland. Liège var eit viktig senter for akademiske syslar alt i middelalderen, og har av denne grunnen fått kallenamnet Det nye Athen.

Bustad

Universitetet har kun eit fåtal eigne studentbustader, men dei har til gjengjeld eit studenthotell der det er mogleg å leige rom for kortare periodar. Det er mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Liège om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

Oversikt over campus
Photo:
045© TILT ULG DR Aeriennes

Informasjon