Hjem
Utdanning
erasmus+

Université catholique de Louvain og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLouvain-la Neuve
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i teatervitskap, og andre studentar som ønsker å ta emne i teatervitskap medan dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i teatervitskap vil bli prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i teatervitskap: Det passar best å reise ut i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådeleg å velje emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i teatervitskap: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er fransk og engelsk.

Det finst moglegheiter for å ta intensivkurs i fransk enten i månaden før semesterstart, eller i løpet av semesteret. Meir informasjon om desse ordningane finst på universitetet sine nettsider.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i teatervitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Catholique de Louvain (UCL) er det franskspråklege søsteruniversitetet til KU Leuven. Dei har begge begge røter attende til det gamle katolske universitetet i byen frå 1425. Då institusjonane skilde lag i 1971, blei UCL flytta frå Leuven til Louvain-la-Neuve i utkanten av Brussel. UCL har i dag om lag 28 000 studentar og eit breitt fagtilbod. I tillegg til hovudcampusen har universitetet òg mindre avdelingar i Brussel, Charleroi, Mons og Tournai.

Louvain-la-Neuve ligg nær Ottignies, om lag tre mil sørvest for Brussel, i den fransktalande delen av landet. Byen vart grunnlagd på byrjinga av 70-talet som ei direkte følgje av at universitetet blei lagt hit, og er dermed i ordets rette forstand ein studentby. Utover studentane ved universitetet har byen rundt 10 000 fastbuande innbyggarar.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus i Louvain-la-Neuve og samarbeider òg med private aktørar om å sikre eit bustadtilbod for internasjonale studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2015

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

10.09.2014 - 16.01.2015

Undervisningsformer

Forelesningar. Forholdsvis få studentar i kvart emne, så meir dialog med professoren enn kva ein vanlegvis har under forelesningane. I nokre fag hadde me obligatorisk innlevering.

Vurdering av emnetilbodet

Heilt greit, men kunne tenkt meg større breidde av internasjonale fag.

Fagleg utbyte og språk

Veldig avhengig av professor, i nokre fag var det lett å følgja forelesningane på fransk då professoren snakka høgt og tydlege og gjentok om nødvendig. På denne måten fekk ein også fagleg utbytte av forelesningane, og var ikkje like avhengig av å få notatar frå andre studentar. Men f.eks. i eit av faga snakka professoren veldig lågt og raskt utan repetisjon, slik at det også var vanskeleg for belgiske studentar å henga med. Elles

Universitetsområdet og byen

Veldig liten (og ny) by, og sånn sett veldig avgrensa kva som fins å gjera. Men veldig livlig studentmiljø, bur tross alt omtrent berre studentar der, så mykje fest og liv i vekedagane, medan alle studentane reiser heim til foreldra i helgene. Av utestader går studentane mest på 'Cercles', som er studentdrivne utestader. Ikkje stader der du kler deg i høge helar og kjole akkurat, går mykje i jeans og hettegensar. Forholdsvis mange barar og restaurantar, der så og seie alle har eit veldig godt utvalg av øl. Er billigare enn Noreg, men generelt sett er ikkje Belgia av dei billigaste landa i Europa. Elles korte avstandar til resten av landet, og billige togbillettar, så gode moglegheiter for å utforska resten av Belgia og Europa. Ligg ca. 1 times togtur frå Brussel.

Bustad

Universitetsbustadane varierer ein del ift standard, og har generelt litt institusjonspreg. Der eg budde var det egentlig forholdsvis nytt og fint. Budde stk. samab, men hadde berre kjøkken og spisebord, så sakna ei stove eller anna form for opphaldsrom. Pris varierer, men ligg vel rundt pluss/minus 300 euro. Er forholdsvis lett å skaffa privateigde bustader, men i så fall lurt å sjå bustaden på førehand om ein har anledning (f.eks. om ein tar språkkurs før skulestart). Mogleg å få fine einebustader for rundt 600-700 euro.

Sosialt miljø

Veldig godt sosialt miljø om ein engasjerer seg i det som skjer, men kan verta litt mykje 'rølp' ift. det ein er vane med i Norge.

Campus fra luften
Foto/ill.:
© Université Catholique de Louvain

Informasjon