Hjem
Utdanning
erasmus+

Université catholique de Louvain og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLouvain-la Neuve
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Som student på integrert masterprogram i rettsvitskap kan du reise på utveksling i ditt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk. Det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk, men ikkje nok til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må vere førebudde på å følge undervisning på fransk for å kunne oppnå full semesterbelasting. Gode franskkunnskapar er derfor anbefalt. Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Erasmus-studentar kan velje frå emnetilbodet på bachelornivå (Bachelier/Licence) og nokre emne på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Catholique de Louvain (UCL) er det franskspråklege søsteruniversitetet til KU Leuven. Dei har begge begge røter attende til det gamle katolske universitetet i byen frå 1425. Då institusjonane skilde lag i 1971, blei UCL flytta frå Leuven til Louvain-la-Neuve i utkanten av Brussel. UCL har i dag om lag 28 000 studentar og eit breitt fagtilbod. I tillegg til hovudcampusen har universitetet òg mindre avdelingar i Brussel, Charleroi, Mons og Tournai.

Louvain-la-Neuve ligg nær Ottignies, om lag tre mil sørvest for Brussel, i den fransktalande delen av landet. Byen vart grunnlagd på byrjinga av 70-talet som ei direkte følgje av at universitetet blei lagt hit, og er dermed i ordets rette forstand ein studentby. Utover studentane ved universitetet har byen rundt 10 000 fastbuande innbyggarar.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus i Louvain-la-Neuve og samarbeider òg med private aktørar om å sikre eit bustadtilbod for internasjonale studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2015

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

10.09.2014 - 16.01.2015

Undervisningsformer

Forelesningar. Forholdsvis få studentar i kvart emne, så meir dialog med professoren enn kva ein vanlegvis har under forelesningane. I nokre fag hadde me obligatorisk innlevering.

Vurdering av emnetilbodet

Heilt greit, men kunne tenkt meg større breidde av internasjonale fag.

Fagleg utbyte og språk

Veldig avhengig av professor, i nokre fag var det lett å følgja forelesningane på fransk då professoren snakka høgt og tydlege og gjentok om nødvendig. På denne måten fekk ein også fagleg utbytte av forelesningane, og var ikkje like avhengig av å få notatar frå andre studentar. Men f.eks. i eit av faga snakka professoren veldig lågt og raskt utan repetisjon, slik at det også var vanskeleg for belgiske studentar å henga med. Elles

Universitetsområdet og byen

Veldig liten (og ny) by, og sånn sett veldig avgrensa kva som fins å gjera. Men veldig livlig studentmiljø, bur tross alt omtrent berre studentar der, så mykje fest og liv i vekedagane, medan alle studentane reiser heim til foreldra i helgene. Av utestader går studentane mest på 'Cercles', som er studentdrivne utestader. Ikkje stader der du kler deg i høge helar og kjole akkurat, går mykje i jeans og hettegensar. Forholdsvis mange barar og restaurantar, der så og seie alle har eit veldig godt utvalg av øl. Er billigare enn Noreg, men generelt sett er ikkje Belgia av dei billigaste landa i Europa. Elles korte avstandar til resten av landet, og billige togbillettar, så gode moglegheiter for å utforska resten av Belgia og Europa. Ligg ca. 1 times togtur frå Brussel.

Bustad

Universitetsbustadane varierer ein del ift standard, og har generelt litt institusjonspreg. Der eg budde var det egentlig forholdsvis nytt og fint. Budde stk. samab, men hadde berre kjøkken og spisebord, så sakna ei stove eller anna form for opphaldsrom. Pris varierer, men ligg vel rundt pluss/minus 300 euro. Er forholdsvis lett å skaffa privateigde bustader, men i så fall lurt å sjå bustaden på førehand om ein har anledning (f.eks. om ein tar språkkurs før skulestart). Mogleg å få fine einebustader for rundt 600-700 euro.

Sosialt miljø

Veldig godt sosialt miljø om ein engasjerer seg i det som skjer, men kan verta litt mykje 'rølp' ift. det ein er vane med i Norge.

Campus fra luften
Photo:
© Université Catholique de Louvain

Informasjon