Hjem
Studentsider
erasmus+

Université catholique de Louvain og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandBelgia
  • ByLouvain-la Neuve
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemeterstudier, men er også åpne for PhD studentar. Andre interessert kan og søkje, men blir prioriterte etter studentar med opptak til bachelorprogrammet i filosofi dersom det er fleire søkjarar enn ledige plassar.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Vi tilrår at du reiser ut i 5 og/eller 6 semester.

Masterstudentar: Utveksling skal skje i samråd med rettleiaren eller masterkoordinateren. Utreise i 1. og/eller 2. semester krev at du vel emne som kan innpasses som de obligatoriske emnene i graden. Utreise i 3. og/eller 4. semester krever skriftleg støtte fra rettleiaren.

Er du student på eit anna bachelorprogram? Ta kontakt med din studierettleiar for å finne ut når det er best å reise på utveksling.

Språk

Det er ditt ansvar å sikre at du har godt nok språknivå før du reiser på utveksling. Vi vil derfor tilrå at sett deg godt inn i det språknivået som krevs på universitetet du skal til. Vi vil og tipse om UiB sitt tilbod om språktandem: to studentar ¿ to språk ¿ vi koplar dykk! Sjå her for meir informasjon: https://www.uib.no/student/49474/språktandem. Merk og at Lånekassen har eit eige stipend ein kan søkje på for å få dekka utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar komande semester.

Kva emne kan eg ta

På denne avtalen kan du ta emne innanfor humanistiske fag, men noen universitet tillet andre fagval. Merk at emna kan ha eigne opptakskrav som du må følgje.

Bachelorstudentar:

Det er som oftast mogleg å reise på utveksling å ta anten emne i spesialiseringa eller frie studiepoeng.

Emne i spesialiseringa: Dersom du vil ta emne som skal inngå som ein del av spesialiseringa di, altså erstatte eit emne du skulle tatt ved UiB, så er det viktig at du finn emne som i stor grad er likt som det emnet du skulle tatt ved UiB. Vi vi råde deg til å samanlikne både emneomtale og litteraturlister, for å sjå om innhald og læringsutbyte er nokolunde det same. Det er viktig at du finn eit emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dette kan studiekonsulent for studieprogrammet ditt hjelpe deg med.

Frie studiepoeng: Dersom du skal ta frie studiepoeng medan du er på utveksling, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som denne avtalen gjeld for, altså [fagfelt].

Masterstudentar:

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Ta kontakt med studierettleiar din for meir informasjon.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Catholique de Louvain (UCL) er det franskspråklege søsteruniversitetet til KU Leuven. Dei har begge begge røter attende til det gamle katolske universitetet i byen frå 1425. Då institusjonane skilde lag i 1971, blei UCL flytta frå Leuven til Louvain-la-Neuve i utkanten av Brussel. UCL har i dag om lag 28 000 studentar og eit breitt fagtilbod. I tillegg til hovudcampusen har universitetet òg mindre avdelingar i Brussel, Charleroi, Mons og Tournai.

Louvain-la-Neuve ligg nær Ottignies, om lag tre mil sørvest for Brussel, i den fransktalande delen av landet. Byen vart grunnlagd på byrjinga av 70-talet som ei direkte følgje av at universitetet blei lagt hit, og er dermed i ordets rette forstand ein studentby. Utover studentane ved universitetet har byen rundt 10 000 fastbuande innbyggarar.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus i Louvain-la-Neuve og samarbeider òg med private aktørar om å sikre eit bustadtilbod for internasjonale studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2015

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

Haust 2014 - Integrert master i rettsvitskap

10.09.2014 - 16.01.2015

Undervisningsformer

Forelesningar. Forholdsvis få studentar i kvart emne, så meir dialog med professoren enn kva ein vanlegvis har under forelesningane. I nokre fag hadde me obligatorisk innlevering.

Vurdering av emnetilbodet

Heilt greit, men kunne tenkt meg større breidde av internasjonale fag.

Fagleg utbyte og språk

Veldig avhengig av professor, i nokre fag var det lett å følgja forelesningane på fransk då professoren snakka høgt og tydlege og gjentok om nødvendig. På denne måten fekk ein også fagleg utbytte av forelesningane, og var ikkje like avhengig av å få notatar frå andre studentar. Men f.eks. i eit av faga snakka professoren veldig lågt og raskt utan repetisjon, slik at det også var vanskeleg for belgiske studentar å henga med. Elles

Universitetsområdet og byen

Veldig liten (og ny) by, og sånn sett veldig avgrensa kva som fins å gjera. Men veldig livlig studentmiljø, bur tross alt omtrent berre studentar der, så mykje fest og liv i vekedagane, medan alle studentane reiser heim til foreldra i helgene. Av utestader går studentane mest på 'Cercles', som er studentdrivne utestader. Ikkje stader der du kler deg i høge helar og kjole akkurat, går mykje i jeans og hettegensar. Forholdsvis mange barar og restaurantar, der så og seie alle har eit veldig godt utvalg av øl. Er billigare enn Noreg, men generelt sett er ikkje Belgia av dei billigaste landa i Europa. Elles korte avstandar til resten av landet, og billige togbillettar, så gode moglegheiter for å utforska resten av Belgia og Europa. Ligg ca. 1 times togtur frå Brussel.

Bustad

Universitetsbustadane varierer ein del ift standard, og har generelt litt institusjonspreg. Der eg budde var det egentlig forholdsvis nytt og fint. Budde stk. samab, men hadde berre kjøkken og spisebord, så sakna ei stove eller anna form for opphaldsrom. Pris varierer, men ligg vel rundt pluss/minus 300 euro. Er forholdsvis lett å skaffa privateigde bustader, men i så fall lurt å sjå bustaden på førehand om ein har anledning (f.eks. om ein tar språkkurs før skulestart). Mogleg å få fine einebustader for rundt 600-700 euro.

Sosialt miljø

Veldig godt sosialt miljø om ein engasjerer seg i det som skjer, men kan verta litt mykje 'rølp' ift. det ein er vane med i Norge.

Informasjon