Hjem
Studentsider
bilateral

Universität Basel og Institutt for fremmedspråk (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByBasel
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogram i tysk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i tysk: Det andre semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Basel blei grunnlagt i 1460 og er det eldste i Sveits. Det er eit relativt lite breiddeuniversitet med knapt 13 500 studentar totalt. Universitetet har ein klar internasjonal profil og meir enn ein femtedel av studentane kjem frå andre land enn Sveits.

Basel er den tredje største byen i Sveits, med 170 000 innbyggarar. Han ligg ved nordvest i landet, ved grensene til Tyskland og Frankrike og ved elva Rhinen. Sambandet med havet via Rhinen har hatt mykje å seie for byen, som trass plasseringa er ein viktig sjøfartsby. Med kort avstand både til dei sveitsiske Alpane, den tyske Svartskogen og dei franske Vogesane er dette ein god stad å bu for den som er glad i å opphalde seg utandørs.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men det finst fleire private studentheimar i byen. Universitetet sitt internasjonale kontor hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det er dessutan gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Basel.

Semesterinndeling

August/September - januar og februar - juli.

Informasjon