Hjem
Utdanning
bilateral

Universität Bern og Det juridiske fakultet (BILATERAL)

  • LandSveits
  • ByBern
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på masterstudiet i rettsvitskap, som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Sjølv om avtaler med Sveits ikkje er Erasmus+ avtaler fordi Sveits ikkje er medlem av Erasmus+-programmet , fungerer avtalen på same måte som ein Erasmus+ avtale. Det vil seie at ein ikkje betaler skulepengar, og at det heller ikkje er spesifikke karakterkrav eller språkkrav.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtalar er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta «Kven kan søke» får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er tysk, men universitetet tilbyr òg nokre kurs på engelsk. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må vere førebudde på å måtte ta emne på tysk for å oppnå full semesterbelastning. Gode språkkunnskapar i tysk er derfor anbefalt.

Universitetet tilbyr språkkurs i tysk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

University of Bern nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Du betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere deg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida du er ute.

Sjølv om avtaler med Sveits ikkje er Erasmus+ avtaler fordi Sveits ikkje er medlem av Erasmus+-programmet , fungerer avtalen på same måte som ein Erasmus+ avtale. I staden for Erasmusstipendet som ein normalt ville fått utbetalt frå UiB betalar den sveitsiske staten ut eit stipend som tilsvarar Erasmusstipendet direkte til studentane når dei kjem til vertsuniversitetet sitt.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bern er eit middels stort sveitsisk breiddeuniversitet med rundt 16 000 studentar fordelt på åtte fakultet. Universitetet sin campus ligg sentralt i byen i det livlege studentkvartalet Langgasse. Universitetet er kjent for eit godt studentmiljø og har blant anna sportslag innan 90 ulike disiplinar, universitetsteater og sitt eige storband, i tillegg til ulike kurs og konkurransar gjennom året.

Bern er ein vakker kulturby som ligg nordvest i Sveits, i det administrative distriktet Bern-Mittelland. Trass i hovudstadstatusen er byen kun den fjerde største i landet, med knapt 140 000 innbyggarar. Gamlebyen ligg på ei landtunge omslutta av elva Aare på tre sider, medan dei nyare bydelane breier seg over eit bakkekledt landskap i 12 kilometers radius frå den motsette elvebreidda.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby internasjonale studentar bustad og hjelper òg med informasjon om andre moglegheiter. Det er gode sjansar for å finne bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - desember og februar - mai.

Informasjon