Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Augsburg og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByAugsburg
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne sida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng, derfor må du rekne om til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Augsburg er eit av mellomstort tysk breiddeuniversitet med sju fakultet og rundt 18 000 studentar. Universitetet oppmodar til tverrfagleg samarbeid, og fleire studieprogram har ei tydeleg praktisk orientering. Universitetet sine bygningar er samla på ein stor campus som ligg omtrent eit kvarters togreise utanfor Augsburg sentrum.

Augsburg er ein by med rundt 280 000 innbyggarar som ligg i Bavaria, ganske langt sør i Tyskland, nær Alpane. Byen er kjend for gode velferdsordningar. Her finst «Fuggerei», verdas eldste, stadig bevarte fattigkvartal. Delar av det offentlege transportnettet er gratis for studentar som del av semesteravgifta. Augsburg er eit populært reisemål for vintersportentusiastar.

Bustad

Universitetet samarbeider med ein lokal studentsamskipnad som har fleire bustadkompleks i byen, og tilbyr eigne pakkeløysingar for internasjonale studentar som inkluderer bustad, så langt kapasiteten rekk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Augsburg om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto:
© Universität Augsburg

Informasjon