Hjem
Studentsider
erasmus+

Otto-Friedrich-Universität Bamberg og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBamberg
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld for studentar på bachelor ved Det humanistiske fakultet, men også andre studentar som ønsker å ta humanistiske fagemne når dei er på utveklsing kan søke på avtalen.

Før du reiser på utveksling, må du ha minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Otto Friedrich Universität Bamberg er eit offentleg universitetet med rundt 14 000 studentar. Fagtilbodet er størst innanfor humaniora, samfunnsvitskap, økonomi og anvendt datateknologi. I tillegg finst eit mindre institutt innan katolsk teologi. Universitetet sin bygningsmasse består primært av restaurerte historiske bygningar i gamlebyen i Bamberg, eit område som står oppført på UNESCOs verdsarvliste.

Bamberg ligg i den tyske delstaten Bayern og har om lag 75 000 innbyggarar. Byen ligg ved breidda av Regnitz, som er ein sideelv av Main. Byen strekkjer seg over sju åskammar, med ei kyrkje på kvar topp, nett som i Roma. Denne likskapen gjer at byen stundom blir kalla «Frankisk Roma».

Bustad

Universitetet har ikkje mange eigne studentbustader, men dei hjelper internasjonale studentar med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private bustadmarknaden i Bamberg, så det løner seg å vere ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Otto-Friedrich-Universität Bamberg/Jürgen Schabel

Informasjon