Hjem
Utdanning
erasmus+

Johannes Kepler Universität Linz og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByLinz-Auhof
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap og på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Som student på integrert masterprogram i rettsvitskap kan du reise på utveksling i ditt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk, men dei har òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må rekne med å måtte å ta emne med tysk som undervisningsspråk for å oppnå full semesterbelastning. Gode språkkunnskapar i tysk er derfor anbefalt.

Universitetet tilbyr språkkurs i tysk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Johannes Kepler Universität Linz nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johannes-Kepler-Universität blei etablert i Linz i 1966, og er kalla opp etter den kjende matematikaren og astrologen Johannes Kepler, som budde og underviste i byen. Universitetet prioriterer forsking og utdanningar tilpassa moderne næringsliv, samt interdisiplinære studieløp og e-læring. Universitetet har om lag 19 000 studentar, fordelt på fire fakultet. Universitetet sin hovudcampus ligg i eit grønt og tiltalande område litt nord for Linz, om lag 20 minutt unna sentrum.

Linz blei grunnlagd av romarane allereie 800 år før vår tidsrekning og er i dag den tredje største byen i Austerrike, med 192 000 innbyggarar. Byen ligg på begge sider av elva Donau, 266 meter over havet og 30 kilometer sør for grensa mot Tsjekkia. Byen var utmerkt som europeisk kulturhovudstad i 2009, og er kjend blant anna for fleire moderne kunst- og teknologisentre.

Bustad

Universitetet har studentbustader både på campus og inne i sentrum. Ein kan velje om ein vil bu på enkeltrom eller dele med fleire studentar.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juli.

Grøn campus
Photo:
© Johannes Kepler Universität Linz

Informasjon