Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Bremen og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+ - Study of Religions)

  • LandTyskland
  • ByBremen
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelorprogrammet i religionsvitskap. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter studentar med opptak på studieprogram i religionsvitskap.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha avlagt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har avlagt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB.

Du kan også velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden. Då kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bremen er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 18 000 studentar og tolv fakultet. Det er blant anna kjent for å ha sin eigen studiemodell, Bremen-modellen, basert på interdisiplinær, eksplorativ læring og praktisk gruppearbeid. Universitetet har seks utmerkte satsingsområde: Hav- og klimaforsking, materialvitskap, IKT, samfunnsvitskap, helsefag og logistikk.

Hansabyen Bremen har rundt 550 000 innbyggarar og ligg nordvest i Tyskland, i delstaten med same namn. Grunna plasseringa ved elva Wesers utløp i Nordsjøen, har han alltid hatt mykje skipsfart og handel. Bremen er òg ein viktig industriby, med sterke føretak blant anna innan romfart, bil- og fly-produksjon.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader i byen og i nærleiken av universitetet sin campus. Dei fleste av bustadane er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon