Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Bremen og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByBremen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelorstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4.,5. eller 6. semester. Studentar må ha avlagt 60 studiepoeng før avreise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at studentar som skal følge undervisning på tysk har forkunnskapar tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Kurskatalog finn du her: http://www.uni-bremen.de/en/search/courses.html

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Bremen er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 18 000 studentar og tolv fakultet. Det er blant anna kjent for å ha sin eigen studiemodell, Bremen-modellen, basert på interdisiplinær, eksplorativ læring og praktisk gruppearbeid. Universitetet har seks utmerkte satsingsområde: Hav- og klimaforsking, materialvitskap, IKT, samfunnsvitskap, helsefag og logistikk.

Hansabyen Bremen har rundt 550 000 innbyggarar og ligg nordvest i Tyskland, i delstaten med same namn. Grunna plasseringa ved elva Wesers utløp i Nordsjøen, har han alltid hatt mykje skipsfart og handel. Bremen er òg ein viktig industriby, med sterke føretak blant anna innan romfart, bil- og fly-produksjon.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader i byen og i nærleiken av universitetet sin campus. Dei fleste av bustadane er drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Campus
Foto/ill.:
© Universität Bremen

Informasjon