Hjem
Utdanning
erasmus+

Technische Universität Dortmund og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByDortmund
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelorprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak tysk. Det finst òg tilbod om nokre emne med engelsk som undervisningsspråk ved andre fakultet. For eksempel har Cultural Studies ein del emne på engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Faculty of Spatial Planning har sidan universitetet vart grunnlagt i 1968 hatt som ide å bidra med kunnskap som er til nytte for regionen. Utfordringane som er i fokus er knytt til overgangen frå det tradisjonelle industrisamfunnet og løysing av ulike problem, som trafikk- og industristøy og søppelhandtering. Forskinga skal bidra til å gi folk i regionen eit betre liv. Prosjektarbeid er ein viktig del av undervisninga. Kvart år har studentane eit prosjekt der dei jobbar saman i grupper for å finna løysingar på ei aktuell problemstilling.

Denne avtalen er spesielt interessant for studentar som er interesserte i planlegging. Det blir tatt opp 200-230 nye studentar på bachelorprogrammet kvart år. Alle bachelorstudentane går på same studieprogram, men med ulik spesialisering. Fakultetet har 13 institutt/avdelingar, som også viser dei ulike fagretningane for emnetilbodet:

  • Landscape Ecology and Landscape Planning
  • Land Policy, Land Management, Municipal Geoinformation
  • Real Estate Development
  • Regional and Urban Economics
  • Spatial Planning and Environmental Law
  • Spatial Planning and Planning Theory
  • European Planning Culture
  • Spatial Information Management and Modelling
  • Supply and Disposal Systems in Spatial Planning
  • Urban and Regional Planning
  • Urban and Regional Sociology
  • Urban Design
  • Transport Planning
  • International Planning Studies
  • Urban Development

Som utvekslingsstudent kan du òg velje blant emne frå andre fakultet, om du ønsker det.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Dortmund blei grunnlagt i 1962 og slått saman med Pädagogische Hochschule Ruhr i 1980. Det har 16 fakultet og rundt 26 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men satsar særskilt på produksjon og logistikk, bioteknologi, modellering og simulasjon, samt pedagogiske utdanningar. Dei to større campusane ligg rett i utkanten av sentrum på kvar si side av eit naturreservat. Transport mellom den nordlege og sørlege campusen skjer universitet si eiga H-Bahn, ei hengande sporvogn som fraktar passasjerar 15 meter over bakken.

Dortmund ligg i Ruhr-distriktet i Tyskland. Han har rundt 600 000 innbyggarar, og er kjend som Westfalens grøne storby. Historisk har byen vore best kjend for kol, stål og øl, men etter den industrielle høgalderen har han omstilt seg til å satse meir på teknologisk utvikling.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad i Dortmund. Dei administrer søknader til studentbustader både på og utanfor campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Dortmund.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto:
© Technische Universität Dortmund

Informasjon