Hjem
Utdanning
erasmus+

Technische Universität Dortmund og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByDortmund
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er angitt i emneskildringane. Det er naudsynt med utstrakte kunnskapar i tysk for å følge undervisninga i emne som berre har undervisning på tysk Vi anbefaler fortrinnsvis å følge emne som har engelsk som undervisningsspråk. Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://www.aaa.tu-dortmund.de/cms/en/International_Students/Exchange_Students__ERASMUS__/index.html

Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan godkjennast som erstatning for dei emna du elles skulle ha tatt ved UiB i utvekslingssemesteret. Det er viktig å vere i kontakt med studierettleiar for å få vurdert om emne du ønsker å ta kan erstatte obligatoriske emne i bachelorstudiet i kjemi. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er: studierettleiar@kjemi.uib.no.

Du kan også velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Da kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har tatt før. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar for enkeltemne.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Dortmund blei grunnlagt i 1962 og slått saman med Pädagogische Hochschule Ruhr i 1980. Det har 16 fakultet og rundt 26 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men satsar særskilt på produksjon og logistikk, bioteknologi, modellering og simulasjon, samt pedagogiske utdanningar. Dei to større campusane ligg rett i utkanten av sentrum på kvar si side av eit naturreservat. Transport mellom den nordlege og sørlege campusen skjer universitet si eiga H-Bahn, ei hengande sporvogn som fraktar passasjerar 15 meter over bakken.

Dortmund ligg i Ruhr-distriktet i Tyskland. Han har rundt 600 000 innbyggarar, og er kjend som Westfalens grøne storby. Historisk har byen vore best kjend for kol, stål og øl, men etter den industrielle høgalderen har han omstilt seg til å satse meir på teknologisk utvikling.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad i Dortmund. Dei administrer søknader til studentbustader både på og utanfor campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Dortmund.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Photo:
© Technische Universität Dortmund

Informasjon