Hjem
Utdanning
erasmus+

Technische Universität Dortmund og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByDortmund
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Technische Universität Dortmund blei grunnlagt i 1962 og slått saman med Pädagogische Hochschule Ruhr i 1980. Det har 16 fakultet og rundt 26 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men satsar særskilt på produksjon og logistikk, bioteknologi, modellering og simulasjon, samt pedagogiske utdanningar. Dei to større campusane ligg rett i utkanten av sentrum på kvar si side av eit naturreservat. Transport mellom den nordlege og sørlege campusen skjer universitet si eiga H-Bahn, ei hengande sporvogn som fraktar passasjerar 15 meter over bakken.

Dortmund ligg i Ruhr-distriktet i Tyskland. Han har rundt 600 000 innbyggarar, og er kjend som Westfalens grøne storby. Historisk har byen vore best kjend for kol, stål og øl, men etter den industrielle høgalderen har han omstilt seg til å satse meir på teknologisk utvikling.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad i Dortmund. Dei administrer søknader til studentbustader både på og utanfor campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Dortmund.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon