Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität-Gesamthochschule Kassel og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKassel
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- og masterprogramma i arkeologi eller historie. Andre interesserte studentar kan òg søkje, men blir prioriterte etter studentar med opptak på studieprogramma i arkeologi eller historie dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Masterstudentar: For å kunne reise på utveksling er det eit krav at du må ta studiepoeng ute. Du må derfor legge utvekslingsopphaldet ditt til det første semesteret i masterprogrammet (kursdelen).

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

For studentar på bachelorprogram: Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eit eller fleire spesifikke emne ved UiB.

Du kan også velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden. Da kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr.

For studentar på masterprogram: For å få godkjent emne som del av kursdelen i mastergraden din, må du finne emne ved vertsuniversitetet som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden din.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i 1971. Det er eit mellomstort universitet med elleve fakultet og rundt 23 000 studentar. I tillegg til klassiske universitetsfag finst blant anna eigne fakultet for kunstfag, økologisk landbruk og arkitektur. Det er tradisjon for at fri tilgang på det kollektive transportsystemet er inkludert i semesteravgifta.

Kassel har rundt 200 000 innbyggarar og ligg i delstaten Hessen, midt i landet. Byen blei hardt råka av bombeangrep i 1945, men somme parkanlegg og eit palass står stadig att. Den sentrale plasseringa og gode togsamband gjer det lett å reise herfrå til andre byar, både i Tyskland og elles i Vest-Europa.

Bustad

Universitetet har studentbustader for internasjonale studentar, både på campus og andre stader i byen. Bustadane er i hovudsak drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Kassel.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Bygg på campus
Photo:
© Universität-Gesamthochschule Kassel

Informasjon