Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität-Gesamthochschule Kassel og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKassel
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på administrasjon og organisasjonsvitskap har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde (særleg samfunnsøkonomi) kan vurderast dersom det er ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester (berre sommar) eller eit heilt år.

På denne nettsidafinn du overordna informasjon og rettleiing for innkomande studentar.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. På grunn av semesterinndelinga er det ikkje mogeleg å reise ut for berre haustsemesteret på denne avtalen. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at ein har forkunnskapar i tysk eller engelsk tilsvarande B2-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR).

Institusjonen tilbyr tysk språkkurs til utvekslingsstudentar. Meir informasjon om dette kurset finn du på lærestaden sine nettsider. Lånekassen har eit stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen blir tilknytt Faculty of Economics and Management. Fakultetet tilbyr emne med undervisning både på tysk og engelsk, inkludert emnetilbodet tilknytt to engelskspråklege program for innreisande utvekslingsstudentar på lågare grad: International Management (sommarsemester) og Economic Behaviour, Markets and Public Policy (vintersemester).

Det er òg mogeleg å kombinere emne frå dette fakultetet med engelskspråklege emne frå andre fakultet og/eller språkkurs. Normalt kan ein utan problem ta halvparten av emna ved Faculty of Social Sciences. På denne nettsida finn du informasjon om dei ulike programma og emnetilbodet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Dei fleste emna utgjer 6 ECTS.

Det er ein føresetnad at du vel emne som ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i 1971. Det er eit mellomstort universitet med elleve fakultet og rundt 23 000 studentar. I tillegg til klassiske universitetsfag finst blant anna eigne fakultet for kunstfag, økologisk landbruk og arkitektur. Det er tradisjon for at fri tilgang på det kollektive transportsystemet er inkludert i semesteravgifta.

Kassel har rundt 200 000 innbyggarar og ligg i delstaten Hessen, midt i landet. Byen blei hardt råka av bombeangrep i 1945, men somme parkanlegg og eit palass står stadig att. Den sentrale plasseringa og gode togsamband gjer det lett å reise herfrå til andre byar, både i Tyskland og elles i Vest-Europa.

Bustad

Universitetet har studentbustader for internasjonale studentar, både på campus og andre stader i byen. Bustadane er i hovudsak drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Kassel.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Bygg på campus
Foto:
© Universität-Gesamthochschule Kassel

Informasjon