Hjem
Utdanning
erasmus+

Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHalle (Saale)
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Nokre emne har undervisning på engelsk, men tilbodet er ikkje stort nok til å fylle eit heilt semester. Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette kurstilbodet finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du her. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Martin Luther Universität Halle-Wittenberg (MLU) er eit offentleg breiddeuniversitet med nesten 21 000 studentar. Det blei til gjennom ei samanslåing mellom Universitetet i Halle og Universitetet i Wittenberg i 1817. Det blei då kalla opp etter Martin Luther, som ikkje berre var ein kjend kyrkjereformator, men òg professor i Wittenberg. Universitetet sin hovudcampus ligg i Halle.

Halle, òg kalla Halle an der Saale, ligg i delstaten Sachsen-Anhalt. Byen har om lag 250 000 innbyggarar og ligg ved elva Saale. Som namnet på elva hintar om, er han historisk kjend for saltgruvene sine. I dag utmerker Halle seg som ein av Tysklands grønaste byar, med mange parkar og relativt lite biltrafikk.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i området. Desse blir administrerte og drifta av den lokale studentsamskipnaden i Halle. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Photo:
© Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg

Informasjon