Hjem
Utdanning
erasmus+

Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg og Klinisk institutt 2 (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHalle (Saale)
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for ernæringsstudentar.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på Bachelorprogram for human ernæring kan reise på utveksling i sitt 4. eller 5. semester.

Det er elles avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og av at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet kan godkjennast som tilsvarande emnekombinasjonen du har ved UiB i utvekslingssemesteret. Ein må i alle tilfelle vere i rute med studia før avreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og/eller engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som samsvarar med dei emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Martin Luther Universität Halle-Wittenberg (MLU) er eit offentleg breiddeuniversitet med nesten 21 000 studentar. Det blei til gjennom ei samanslåing mellom Universitetet i Halle og Universitetet i Wittenberg i 1817. Det blei då kalla opp etter Martin Luther, som ikkje berre var ein kjend kyrkjereformator, men òg professor i Wittenberg. Universitetet sin hovudcampus ligg i Halle.

Halle, òg kalla Halle an der Saale, ligg i delstaten Sachsen-Anhalt. Byen har om lag 250 000 innbyggarar og ligg ved elva Saale. Som namnet på elva hintar om, er han historisk kjend for saltgruvene sine. I dag utmerker Halle seg som ein av Tysklands grønaste byar, med mange parkar og relativt lite biltrafikk.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i området. Desse blir administrerte og drifta av den lokale studentsamskipnaden i Halle. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg

Informasjon