Hjem
Utdanning
erasmus+

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFrankfurt am Main
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på eit studieprogram knytt til Insittutt for biologi.

Når i studiet kan eg reise

Sidan vi anbefaler at du tar valemne bør du reise når du har valfrie emne i studieløpet ditt.

Språk

Undervisningsspråket er vanlegvis tysk, men ein del emne har også undervisning på engelsk. Sjå oversikta over desse emna her: http://www.uni-frankfurt.de/44421995/courses_overview#courses

Kva emne kan eg ta

Valemne innanfor fagfeltet avtalen gjeld for. Dersom du vil ta obligatoriske emne må desse godkjennast av programkoordinator.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main blei etablert i 1912 av Frankfurt sitt velståande, liberale borgarskap, og er det einaste borgaruniversitetet i Tyskland. Det har vore kjent for å huse akademikarar med band til den politiske venstresida. I dag har universitetet om lag 40 000 studentar, og fire campusar, som ligg i bydelane Westend, Bockenheim, Riedberg og Niederrad.

Frankfurt am Main ligg i delstaten Hessen, sørvest i Tyskland. Nesten ein tredjedel av byen sine 700 000 innbyggarar kjem frå utlandet. I storbyområdet bur nesten 2,5 millionar menneske. Byen er eit finansielt sentrum, med viktige finansinstitusjonar som Den europeiske sentralbanken og Frankfurtbørsen. Både levestandarden og kostnadsnivået er over gjennomsnittet for tyske byar.

Bustad

Det er underskot på studentbustader i Frankfurt am Main. Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne losji så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten kan vere knapp på den private marknaden i tida rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Photo:
© Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main

Informasjon