Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Osnabrück og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByOsnabrück
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Grunna ulike semester ved UiB og Osnabrück Universitet er det ikkje mogleg å utveksle hit i haustsemesteret med mindre du kan utveksle eit heilt studieår.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt valfrie 5. semester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA/PHD).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emner.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her:www.uni-osnabrueck.de/en/studies/students-from-abroad/study-courses/

Study courses - Osnabrück University (uni-osnabrueck.de)

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Osnabrück blei grunnlagt i 1974. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 11 500 studentar og ti fakultet. Universitetet har to campusar; den eldste og største ligg midt i sentrumskjernen, medan fakultetet for naturvitskap ligg i distriktet Westerberg. Semesteravgifta ved universitetet gir fri tilgang til kollektivtransport.

Osnabrück er ein tysk by med om lag 155 000 innbyggarar som ligg nordvest i Tyskland, i delstaten Niedersachsen. Det er ingen storby, men her finst likevel alt det ein treng av urbane fasilitetar og tilbod. Byen har tradisjon for å arrangere mange marknadar, både loppemarknader, gatefestar, bondens marknad, og julemarknader kvart år.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for ERASMUS-studentar. Søknaden om studentbustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Osnabrück.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Osnabrück/Pollert

Informasjon