Hjem
Utdanning
erasmus+

Bayerische Julius-Maximilian-Universität Würzburg og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWürzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Meir informasjon for innreisande studentar til Julius-Maximilians-Universität Würzburg: https://www.uni-wuerzburg.de/startseite/

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4., 5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er tysk og engelsk. Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Her finn du oversikt over emnekatalog: https://www.uni-wuerzburg.de/studium/vorlesungsverzeichnis

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Julius-Maximilian-Universität Würzburg blei grunnlagt i 1402, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 26 000 studentar. Det har ti fakultet, og er kanskje best kjent som heimuniversitet for nobelprisvinnaren Wilhelm Röntgen. Det har blitt brukt store summar på å restaurere dei gamle universitetsbygningane i sentrum etter omfattande bombeskadar frå andre verdskrig.

Würzburg er kjend som ein kultur og universitetsby. Han har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nære midten av landet. Byen har mange vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Han hevdast å ha den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon