Hjem
Utdanning
erasmus+

Bayerische Julius-Maximilian-Universität Würzburg og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWürzburg
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette kurstilbodet finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne sida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Vertsuniversitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Julius-Maximilian-Universität Würzburg blei grunnlagt i 1402, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 26 000 studentar. Det har ti fakultet, og er kanskje best kjent som heimuniversitet for nobelprisvinnaren Wilhelm Röntgen. Det har blitt brukt store summar på å restaurere dei gamle universitetsbygningane i sentrum etter omfattande bombeskadar frå andre verdskrig.

Würzburg er kjend som ein kultur og universitetsby. Han har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nære midten av landet. Byen har mange vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Han hevdast å ha den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Bayerische Julius-Maximilian-Universität Würzburg

Informasjon