Hjem
Studentsider
erasmus+

Julius-Maximilian-Universität Würzburg og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWürzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande minimum 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk. Nokre emne på masternivå har òg engelsk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Institutt for geografi tilbyr emne på bachelor- og masternivå innanfor både samfunns- og naturgeografi, og geografisk metode, som kartografi, GIS og fjernmåling. Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen står fritt til å velje emne frå andre fagområde.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Julius-Maximilian-Universität Würzburg blei grunnlagt i 1402, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 26 000 studentar. Det har ti fakultet, og er kanskje best kjent som heimuniversitet for nobelprisvinnaren Wilhelm Röntgen. Det har blitt brukt store summar på å restaurere dei gamle universitetsbygningane i sentrum etter omfattande bombeskadar frå andre verdskrig.

Würzburg er kjend som ein kultur og universitetsby. Han har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nære midten av landet. Byen har mange vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Han hevdast å ha den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Bayerische Julius-Maximilian-Universität Würzburg

Informasjon