Hjem
Studentsider
erasmus+

Julius-Maximilian-Universität Würzburg og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByWürzburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for studentar på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi. Den er også open for studentar på profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og studentar på det integrerte masterprogrammet informasjonsteknologi og økonomi som enno ikkje har fullført bachelornivået av graden sin.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise.

Studentar ved bachelorprogrammet og profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling i 4. semester, når ein kan ta frie studiepoeng.

Studentar ved det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi vert råda til å reise ut i sitt 6. semester, der ein erstattar obligatoriske emne.

Språk

Undervisningsspråk er hovudsakelig tysk, men universitetet tilbyr også emne på engelsk. Universitetet tilrår at du har språkkunnskapar tilsvarande B2 i tysk eller engelsk.

Kva emne kan eg ta

Würzburg tilbyr emne både på engelsk og tysk. Les meir om emnetilbudet på denne sida.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Julius-Maximilian-Universität Würzburg blei grunnlagt i 1402, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 26 000 studentar. Det har ti fakultet, og er kanskje best kjent som heimuniversitet for nobelprisvinnaren Wilhelm Röntgen. Det har blitt brukt store summar på å restaurere dei gamle universitetsbygningane i sentrum etter omfattande bombeskadar frå andre verdskrig.

Würzburg er kjend som ein kultur og universitetsby. Han har om lag 130 000 innbyggarar og ligg søraust for Frankfurt, nære midten av landet. Byen har mange vakre bygningar og er elles kjend for å vere feststemd. Han hevdast å ha den tettaste konsentrasjonen av kneiper og uteplassar per innbyggar i Tyskland. I tillegg blir det arrangert festivalar og «vinfestar» på løpande band i sommarhalvåret.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i området på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon