Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad de Cádiz og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByCádiz
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudenter tilknyttet et studieprogram ved Institutt for biovitenskap.

Når i studiet kan eg reise

I semester med valgemner.

Språk

Undervisningsspråket er for det meste spansk.

Kva emne kan eg ta

Vi anbefaler at du tar valgemner som kan innpasses i graden din.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Cádiz (UCA) er eit offentleg universitetet i Cádiz-provinsen i Andalusia, grunnlagt i 1979. Det har over 20 000 studentar og er særleg kjend for studietilbod og forsking innanfor medisinske og maritime fag. Det medisinske fakultetet har røter tilbake til 1748. Universitetet har to større campusar i byen Cádiz og tre mindre avdelingar andre stader i provinsen.

Byen Cádiz er hovudstad i provinsen med same namn, og ein av verdas eldste hamnebyer. Det var her to av Columbus sine reiser starta. Byen har i dag om lag 123 000 innbyggarar, ferjesamband til Kanariøyane og toglinjer direkte til Madrid og Sevilla. Cadíz har fleire flotte strender og er elles kjend blant anna for karnevalet sitt.

Bustad

Universitetet har eit eige bustadskontor som hjelper internasjonale studentar med informasjon om korleis ein kan finne bustad i området. Ein kan òg søke om studentbustad på nettsidene deira.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Informasjon