Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Murcia og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByMurcia
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår.

I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er spansk. I følgje nettsidene til universitetet tilbyr dei òg nokre emne på engelsk, men erfaringa tilseier likevel at dette gjeld få eller ingen fag som kan godkjennast som del av graden her heime. Studentar som ønskjer å reise på denne avtalen må difor vere forberedt på å ta emne på spansk under utvekslinga, og gode språkkunnskapar i spansk er derfor nødvendig.

Universitetet tilbyr språkkurs i spansk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Dersom du utveksler i to semester, eller berre i vårsemesteret, kan du òg skrive ei oppgåve som kan godskrivast som masteroppgåva i mastergraden i rettsvitskap. Dette er vanlegvis ikkje mogleg ved utveksling innan Erasmusprogrammet, så høvet til å skriva oppgåve ved Universidad de Murcia er ganske unikt.

Dersom ein skal skrive oppgåve som kan tilsvare masteroppgåva, gjer ein det ved å velje "proyecto de fin de grado" ("end of degree project") som eitt av emna du skal ta under utveksling. Denne kan skrivast enten på spansk eller på engelsk. "Proyecto de fin de grado" er verd 6 studiepoeng, slik at samtidig må du også ta andre emne for at arbeidsbelastninga for semesteret som heilskap skal bli 30 studiepoeng.

Emna som vert underviste på engelsk finn du informasjon om her. Merk at førsteårsemne ikkje kan godkjennast. I tillegg kan du velje spanskspråklege emne frå "grado en derecho".

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Experience the University of Murcia

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Murcia er eit breiddeuniversitet med om lag 35 000 studentar. Universitetet har fem campusar. Espinardo er den største, tre kilometer utanfor sentrumskjernen. Her har dei fleste fakulteta sine bygningar. I tillegg finst ein campus for helsefag ved El Palmar, eit idrettsfakultet i San Janvier og La Merced campus i sentrum, der hovudbiblioteket, kunstfag og rettsvitskap held til.

Murcia er ein historisk by med 450 000 innbyggarar som ligg i regionen med same namn, søraust i Spania. Byen er blant anna kjent for eit komfortabelt klima, fruktdyrking og mange festivalar og kulturarrangement gjennom året.

Bustad

Universitet har ei bustadteneste for internasjonale studentar. Du kan velje mellom å bu saman med andre studentar, leige for deg sjølv eller bu heime hos ein spansk vertsfamilie. Det finst òg private studentbustadar i regionen, og ei ordning for bustaddeling mellom eldre og studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juli.

Studentrapportar

2022

Haust 2021 – Integrert master i rettsvitskap

Haust 2021 – Integrert master i rettsvitskap

01.09.2021 - 18.01.2022

Førebuingar/praktiske tips

Det er feil at det står at man kan ta noen fag på engelsk. Alle fag er på spansk og fakultetet tilbyr ikke fag på engelsk, selv om det står på deres nettsider at de gjør det. Det er kun to fag fakultetet har på engelsk og det er fag som UiB ikke godkjenner fordi det overlapper for mye med tidligere fag. At skolen fronter seg som bilingual er direkte misvisende.
Jeg opplevde hele prosessen som frustrerende og fikk lite hjelp generelt. Du må belage deg på at ting ikke fungerer i starten og at det er lite du får gjort med det. Du vil ikke få tak i noen på skolen før i september, da de har ferie i august.

Undervisningsformer

Klasserom, ofte små klasser med 20-40 studenter.
Noen timer tas opp/er også tilgjengelig på zoom, men jeg vet ikke om det er noe de driver med generelt eller om det er grunnet covid.

Vurdering av emnetilbodet

Ingenting på engelsk.
Ok utvalg ellers.

Fagleg utbyte og språk

Jeg har fokusert mest på å overleve fremfor å fokusere alt for mye på det faglige utbytte. Ettersom jeg har brukt hele september på å finne lærere som kunne feks. gi meg noe engelsk litteratur eller i det hele tatt snakke noe engelsk har fokuset mitt ikke vært å finne gode fag, men heller å klare å bestå fagene.
Når det gjelder spansken i Murcia er den spesiell, den er vanskeligere enn spansk i andre byer, de forkorter ordene og snakker veldig fort. Men den store fordelen med å dra til byen er at det er veldig få som kan engelsk, både unge og gamle. På den måten (dersom du ønsker å lære deg spansk) så blir du tvunget til å kommunisere på spansk.

Universitetsområdet og byen

Byen er 40-60 min unna stranden med bil/buss. Dette er veldig greit. Ellers er det en liten by der du kan gå til alt og der det er veldig mange studenter. Det er lett å bli kjent med folk hvis du gjør en innsats. Meldt deg inn i whatsapp-grupper der du kan spørre om noen vil møtes, de første mnd er folk veldig åpen for å bli kjent med nye og møte nye mennesker.

Bustad

Her fikk jeg anbefalt å bo for meg selv, det er ikke vanlig å bo i studenthjem. Det er mange vedig billige kollektiv dersom man går inn på diverse sider, jeg fant en leilighet på idealista.es.

Sosialt miljø

Skjer mye sosialt som erasmusstudent, det er ikke fadderuke eller lignende. Men det er mange som alltid spør i whatsappgruppene om man vil møtes for en øl/spill/sport/utflukt osv.

Informasjon