Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad de Murcia og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+ - History)

  • LandSpania
  • ByMurcia
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor spansk språk, litteratur og kultur. Det er krav om at du skal ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i spansk språk og latinamerikastudium: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i spansk språk og latinamerikastudium: Det passar best å reise ut i det 2. semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er spansk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Murcia er eit breiddeuniversitet med om lag 35 000 studentar. Universitetet har fem campusar. Espinardo er den største, tre kilometer utanfor sentrumskjernen. Her har dei fleste fakulteta sine bygningar. I tillegg finst ein campus for helsefag ved El Palmar, eit idrettsfakultet i San Janvier og La Merced campus i sentrum, der hovudbiblioteket, kunstfag og rettsvitskap held til.

Murcia er ein historisk by med 450 000 innbyggarar som ligg i regionen med same namn, søraust i Spania. Byen er blant anna kjent for eit komfortabelt klima, fruktdyrking og mange festivalar og kulturarrangement gjennom året.

Bustad

Universitet har ei bustadteneste for internasjonale studentar. Du kan velje mellom å bu saman med andre studentar, leige for deg sjølv eller bu heime hos ein spansk vertsfamilie. Det finst òg private studentbustadar i regionen, og ei ordning for bustaddeling mellom eldre og studentar.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juli.

Flott bygning
Foto:
© Universidad de Murcia

Informasjon