Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Sevilla og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • BySevilla
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor og masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar kan reise ut i sitt valsemester (5. semester) og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråk er spansk med tilbud om nokon emne på engelsk.

Språkkrav: B2 (spansk)

Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere (BA) og høgare grad (MA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

 

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet eller du kan reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie studiepoeng.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Informasjon og emnetilbud på engelsk (BA): file:///C:/Users/tev061/AppData/Local/Microsoft/Windows/INetCache/Content.Outlook/EPM52YG8/folleto%20grado_176.pdf

Emnetilbud på spansk for masterstudentar (kun optativa):

Master in Community Psychology and Social Intervention: https://www.us.es/estudiar/que-estudiar/oferta-de-masteres/master-universitario-en-psicologia-de-la-intervencion#edit-group-plani

Master in Organizational and Work Psychology: https://www.us.es/estudiar/que-estudiar/oferta-de-masteres/master-universitario-en-psicologia-de-las-organizaciones-y#edit-group-plani

Master in International Migrations and Health:

https://www.us.es/estudiar/que-estudiar/oferta-de-masteres/master-universitario-en-migraciones-internacionales-salud#edit-group-plani

Master in Psychology of Education:

https://www.us.es/estudiar/que-estudiar/oferta-de-masteres/master-universitario-en-psicologia-de-la-educacion-avances#edit-group-plani

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon