Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidad de Valladolid og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByValladolid
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelorprogrammet i litteraturvitskap og andre studentar som ønsker å ta emne i litteraturvitskap når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogrammet i litteraturvitskap vert prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i litteraturvitskap: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Språk

Undervisningsspråk er spansk (i nokre tilfelle engelsk).

Studentar må dokumenterer nivå B1 i spansk på søknadstidspunktet. I dei tilfella der du ikkje kan vise til dokumentasjon på språknivå/stadfesting på språknivå, vil du måtte ta eit intensivt språkkurs i spansk ved studiestart i Valladolid.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Hugs på at dersom du skal ta 200-nivået på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad de Valladolid blei grunnlagt i 1241 og er eitt av dei eldste stadig operative universiteta i verda. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 25 000 studentar. Det har fire campusar i sjølve Valladolid, i tillegg til tre som ligg i dei omliggande provinsane Palencia, Soria og Segovia. Fleire av universitetet sine bygningar er ekstraordinært vakre. Blant anna ligg rektor sitt kontor og delar av administrasjonen i eit palass, nærare bestemt Santa Cruz-palasset. Universitetet har eit godt kulturtilbod, blant anna eit eige ungdomssymfoniorkester, kor og teatergruppe.

Valladolid ligg i den autonome regionen Castila y León mot nordvest i det spanske innlandet. Dei lærde stridast om det etymologiske opphavet til namnet på byen. Tolkingane varierer mellom oppkalling etter maurisk leiarskikkelse, «stad der vatn møtest» eller «Olivendalen». Området står seg elles godt økonomisk, med mykje jordbruk og ein solid bilindustri.

Bustad

Universitetet har ei rekke eigne studentbustader i nærleiken av dei ulike campusane. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universidad de Valladolid

Informasjon