Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad de Zaragoza og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByZaragoza
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er spansk, og gode spanskkunnskapar er difor tilrådd. Universitetet tilbyr språkkurs i spansk for internasjonale studentar. I haustsemesteret tilbyr dei eit lite utval "engelskvenlege" kurs. Det vil seie at litteraturen er på engelsk, at ein kan få noko rettleiing på engelsk og ein kan få skrive eksamen på engelsk. Undervisninga gså i desse emna er likevel på spansk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr. På denne nettsida finn du oversikt over "engelskvenlege" kurs. Universidad de Zaragoza nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Bustad

Universitetet har både eigne studentbustader og samarbeider med private utleigeaktørar i dei tre provinsane. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Universidad de Zaragoza har historiske røter attende til romartida og ei tidleg kristen rørsle. Fleire av universitetet sine hovudbygningar har tidlegare vore kristne gymnas. Universitetet fokuserer på ingeniørfag og teknologi, eksperimentell vitskap, helsefag, samfunnsfag, humanistiske fag og juss. Det er blant anna kjent for forsking på immunterapeutisk kreftbehandling og har sidan 2003 samarbeidd med Massachusetts Institute of Technology om ein internasjonal master i logistikk. Universitetet har over 40 000 studentar fordelt på 22 fakultet og fem campusområde. Hovudcampusen ligg i Zaragoza og dei fire andre i naboprovinsane Teruel og Huesca.

Den autonome regionen Aragon ligg i innlandet, nordaust i Spania. Geografisk er regionen prega av å ligge midt mellom to fjellkjeder, med dei Iberiske fjella i sør og Pyreneane i nord. Innbyggartalet i Zaragoza på 800 000 utgjer nesten halvparten av det totale innbyggartalet i Aragon.

Informasjon