Hjem
Utdanning
erasmus+

Universidad de Zaragoza og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByZaragoza
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen med Zaragoza gjeld kun for bachelorstudenter. Avtalen gjelder først og fremst for studenter ved institutt for økonomi, men andre studenter kan også søke. a

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Spansk. Universitetet tilbyr nokre fag på engelsk, men utvalet er begrensa.

Kva emne kan eg ta

Breitt utval emne. Instituttes avtale er på business/administration, men det er også mogleg å ta emne annan andre fagfelt (så lenge ein snakkar spansk). Informasjon for internasjonale studentar finnast her: http://wzar.unizar.es/servicios/inter/faq_en.htm#2

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Bustad

Universitetet har både eigne studentbustader og samarbeider med private utleigeaktørar i dei tre provinsane. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Universidad de Zaragoza har historiske røter attende til romartida og ei tidleg kristen rørsle. Fleire av universitetet sine hovudbygningar har tidlegare vore kristne gymnas. Universitetet fokuserer på ingeniørfag og teknologi, eksperimentell vitskap, helsefag, samfunnsfag, humanistiske fag og juss. Det er blant anna kjent for forsking på immunterapeutisk kreftbehandling og har sidan 2003 samarbeidd med Massachusetts Institute of Technology om ein internasjonal master i logistikk. Universitetet har over 40 000 studentar fordelt på 22 fakultet og fem campusområde. Hovudcampusen ligg i Zaragoza og dei fire andre i naboprovinsane Teruel og Huesca.

Den autonome regionen Aragon ligg i innlandet, nordaust i Spania. Geografisk er regionen prega av å ligge midt mellom to fjellkjeder, med dei Iberiske fjella i sør og Pyreneane i nord. Innbyggartalet i Zaragoza på 800 000 utgjer nesten halvparten av det totale innbyggartalet i Aragon.

Flott bygning
Photo:
© Universidad de Zaragoza

Informasjon