Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Picardie Jules Verne og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAmiens
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for geografitudentar på bachelor- og masternivå. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge ei eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte tilsvarande emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på.Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som eventuelt finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen kan ta emne frå alle fakultet.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Picardie Jules Verne er eit offentleg universitet frå 1968 som ligg i regionen Picardie i Frankrike. Det har namn etter den berømte forfattaren Jules Verne som budde i byen Amiens i ei årrekke. Her ligg universitetet sin største campus. To mindre campusar ligg i Beauvais og Soissons. Universitetet har 23 000 studentar fordelte på elleve fakultet og sju institutt.

Amiens er den største byen i Picardie med rundt 160 000 innbyggarar. Byen ligg 120 kilometer nord for Paris og knappe to timars togreise unna London. Byen er elles mest kjend for å arrangere den største julemarknaden i Frankrike kvar desember og for den vakre katedralen som står her. Denne stammar frå 1200-talet, har tilnamn som Den gotiske Parthenon og ruvar som landemerke i byen.

Bustad

Universitetet tilbyr bustad for internasjonale studentar. Ein kan søke om rom så snart ein har fått opptaksbrevet. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF). Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i Picardie.

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai.

Flott bygning
Foto:
© Université de Picardie Jules Verne

Informasjon