Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Picardie Jules Verne og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAmiens
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur. Det er krav om at du skal ha bestått minst 60 studiepoeng før du kan reise ut. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Masterstudentar i fransk: Deet passar best å reise ut i det 2. semesteret av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Picardie Jules Verne er eit offentleg universitet frå 1968 som ligg i regionen Picardie i Frankrike. Det har namn etter den berømte forfattaren Jules Verne som budde i byen Amiens i ei årrekke. Her ligg universitetet sin største campus. To mindre campusar ligg i Beauvais og Soissons. Universitetet har 23 000 studentar fordelte på elleve fakultet og sju institutt.

Amiens er den største byen i Picardie med rundt 160 000 innbyggarar. Byen ligg 120 kilometer nord for Paris og knappe to timars togreise unna London. Byen er elles mest kjend for å arrangere den største julemarknaden i Frankrike kvar desember og for den vakre katedralen som står her. Denne stammar frå 1200-talet, har tilnamn som Den gotiske Parthenon og ruvar som landemerke i byen.

Bustad

Universitetet tilbyr bustad for internasjonale studentar. Ein kan søke om rom så snart ein har fått opptaksbrevet. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF). Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i Picardie.

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai.

Flott bygning
Foto:
© Université de Picardie Jules Verne

Informasjon