Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Michel de Montaigne og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByTalence
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelor- og masterprogramma i kunsthistorie, og andre studentar som ønsker å ta emne i kunsthistorie når dei er på utveksling.

Før du kan reise ut, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i kunsthistorie blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i kunsthistorie: Det passar best å reise på ut i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorgraden. Ein rår til at studentane tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i kunsthistorie: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre bachelorprogram: Undersøk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er fransk (engelsk som andrespråk).

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Bordeaux Montaigne er eit fransk offentlig universitetet med rundt 15 800 studentar. Det har namn etter sin mest berømte alumn, humanisten og essayisten Michel de Montaigne. Universitetet har størst fagtilbod innan humanistiske fag, språk, historie, geografi og kunstfag. Universitetet sin hovudcampus ligg i universitetsområdet mellom Pessac, Gradignan og Talence, litt i utkanten av Bordeaux. Dette er det nest største campusområdet i Frankrike med nesten 60 000 studentar frå fleire institusjonar.

Bordeaux er ein hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, og regionshovudstad i Aquitaine. Storbyområdet har nærare ein million innbyggarar. Bordeaux er i all hovudsak kjend for vin. Vinindustrien her har ei årleg omsetting på 14,5 milliardar euro, og står for størsteparten av sysselsettinga i regionen, ved sida av forsking og næringsaktivtet knytt til lufttrafikk, romfart og teknologi.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper med informasjon og bustadformidling. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales(CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon