Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Michel de Montaigne og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByTalence
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar med studierett på bachelorprogramma i medievitskap, film- og tv-produksjon, journalistikk og nye medier har prioritet på å reise ut gjennom denne avtalen. Studentar ved andre program kan òg søke, og kjem til vurdering dersom det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

For studentar som går på bachelorprogramma i journalistikk og i film- og tv-produksjon passar det best å reise på utveksling i 4.semester. Studentar som går på bachelorprogrammet i medievitskap kan reise ut enten i 4., 5. eller 6.semester. Studentar som går på bachelorprogrammet i nye medier kan reise ut i sitt 5.semester.

Språk

Underivsingsspråket ved universitetet er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Studentar på bachelorprogramma i medievitskap, film- og tv-produksjon, journalistikk, nye medier, anbefales å ta frie studiepoeng under utvekslingsopphaldet. Emna du tek kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Bordeaux Montaigne er eit fransk offentlig universitetet med rundt 15 800 studentar. Det har namn etter sin mest berømte alumn, humanisten og essayisten Michel de Montaigne. Universitetet har størst fagtilbod innan humanistiske fag, språk, historie, geografi og kunstfag. Universitetet sin hovudcampus ligg i universitetsområdet mellom Pessac, Gradignan og Talence, litt i utkanten av Bordeaux. Dette er det nest største campusområdet i Frankrike med nesten 60 000 studentar frå fleire institusjonar.

Bordeaux er ein hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, og regionshovudstad i Aquitaine. Storbyområdet har nærare ein million innbyggarar. Bordeaux er i all hovudsak kjend for vin. Vinindustrien her har ei årleg omsetting på 14,5 milliardar euro, og står for størsteparten av sysselsettinga i regionen, ved sida av forsking og næringsaktivtet knytt til lufttrafikk, romfart og teknologi.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper med informasjon og bustadformidling. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales(CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon