Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Michel de Montaigne og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByTalence
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i fransk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur medan dei er på utveksling. Det er eit krav at du skal ha bestått minst 60 studiepoeng før utreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelorprogram i fransk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod dei har, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng på utveksling, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Bordeaux Montaigne er eit fransk offentlig universitetet med rundt 15 800 studentar. Det har namn etter sin mest berømte alumn, humanisten og essayisten Michel de Montaigne. Universitetet har størst fagtilbod innan humanistiske fag, språk, historie, geografi og kunstfag. Universitetet sin hovudcampus ligg i universitetsområdet mellom Pessac, Gradignan og Talence, litt i utkanten av Bordeaux. Dette er det nest største campusområdet i Frankrike med nesten 60 000 studentar frå fleire institusjonar.

Bordeaux er ein hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, og regionshovudstad i Aquitaine. Storbyområdet har nærare ein million innbyggarar. Bordeaux er i all hovudsak kjend for vin. Vinindustrien her har ei årleg omsetting på 14,5 milliardar euro, og står for størsteparten av sysselsettinga i regionen, ved sida av forsking og næringsaktivtet knytt til lufttrafikk, romfart og teknologi.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper med informasjon og bustadformidling. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales(CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon