Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Paris 8 Vincennes-Saint-Denis og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • BySaint-Denis
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i digital kultur, og andre studentar som ønsker å ta emne i digital kultur når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar som går på bachelor- eller masterprogram i digital kultur blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i digital kultur: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i digital kultur: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod dei har, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i digital kultur ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du velje emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Paris 8 - Vincennes à Saint-Denis er ein av i alt tretten arvtakarar til det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne, som blei delt i 1970. Det fokuserer på humanistiske og samfunnsvitskaplege emne, og har hatt prominente filosofar som Deleuze, Foucault, Lyotard og Lacan på lønningslista. Det har rundt 20 000 studentar, fordelte på elleve fakultet og tre campusar. Hovudcampusen ligg i St. Denis, nord for Paris.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend for å vere ein av Europas fremste kulturbyar. Her finst statsadministrasjon, verdas mektigaste motehus og ikoniske byggverk som Eiffeltårnet, side om side med små romantiske kaféar og folkeliv.

Bustad

Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å begynne leitinga i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av den regionale studentsamskipnaden CROUS, men kapasiteten er knapp.

Semesterinndeling

September - januar og februar - mai/juni.

Folk på campus
Foto/ill.:
© Université Vincennes Saint-Denis/Paris 8

Informasjon